Leigevilkår ved leige av campingbil
1. Utlevering : Utstyret leverast ut og tilbakeleverast hos Årskog Autotrans på lote, om ikkje anna er avtalt.
I perioden mai-august blir det berre leigd ut i heile veker. Leigeperioden tek til fredag kl 13.00, og siste frist for
innlevering er fredag kl 11.00, om ikkje anna er avtalt.
Ved forsein innlevering blir det berekna pris for eit nytt døgn (vekepris dividert på 7).
2. Betaling av leigeavgift. leigeavgifta skal innbetalast seinast 14 dagar før utleveringsdatoen, ellers kan
utleigar leige ut det aktuelle bil/utstyr til ny leigetakar for den aktuelle perioden.
3. Kostnadar som er inkludert i leigeavgift: normalt gassforbruk < 4 kg pr. veke er inkludert.
Leigetakar dekker kostnadane med skifting av gassflaske på turen, og får dette refundert ved sluttoppgjør mot
kvittering. Ved utleige av campingbil inkluderer prisen kjøring inntil 2800 km pr veke, Utover dette bereknast kr 3.-/km.
Moms 24% er medrekna i leigekostnadane.
4. Depositum: Det vert kravd eit reingjeringsdepositum på kr. 500,- som innbetalast saman med dei øvrige
leigekostnadane. Dette blir refundert til leigetakar etter godkjendt reingjering ved innlevering. Ved utleige av
campingbil blir det i tillegg krevd eit ekstra depositum på kr. 5000.- som vert betalt tilbake til leigetakar ved
innlevering av skadefri bil.
Ved evt. større skadar (forsikringsskadar) vil depositumet bli halde tilbake til forsikringsoppgjøret er kjendt.
5. Tekniske problem/reparasjonar: Ved ikkje forutsigbare tekniske vanskar, må leigetakar gjere dei nødvendige
tiltak for å ivareta utstyret sin sikkerhet og framkomelegheit på ein forskriftmessig måte, og slik at vidare skade ikkje
oppstår. Nødvendige reparasjonar kan utførast inntil kr. 1000,- uten at utleigar blir kontakta, og refunderast ved
sluttoppgjer med mindre leigetakar sjølv er skuld i skaden/reparasjonen. Andre større reparasjonar skal ikkje
igangsettjast uten å ha forespurt utleigar.
6. Bruk av utstyret: Campingbil/utstyr kan berre brukast til camping/ferie, av leigetakar og for leigetakar sin
rekning. For bruk utanfor Norden, krevs det ekstra godkjenning frå utleigar før utlevering av utstyret. Campingbil må
ikkje under noko omstende køyrast inn i Russland eller anna austblokkland. Leigetakar er ansvarleg for at bestemmelsane
for det leigde utstyret vert haldne, og brukt i samsvar med vegtrafikklova og parkeringsbestemmelsar.
Leigetakar må dekke evt. bøter/forelegg for utstyret i leigeperioden. Det vert kravd at leigetakar brukar
campingbilen med utstyr på ein slik måte at unødvendige skadar og belastningar ikkje oppstår.
Drivstoff, olje, spylarvæske o.l. skal betalast av leigetakar. Sjå krav til førar pkt.7.
7. Krav til førar: Førar av bilen, må vere fylt 21 år og ha gyldig førarkort i klasser som dekker krav for det
aktuelle kjøretøyet (campingbilen).
Bilen kan køyrast av leigetakar, og ein ekstra sjåfør dersom denne er namngjeven i kontrakta. Andre førarar av
campingbilen må ikkje forekome uten at dette er godkjendt av utleigar.
8. Forsikring. Campingbilen er kaskoforsikra, med eigenandel kr.7000.- som vert belasta leigetakar ved bruk av
forsikringa til bilen. Løsøre er ikkje dekka utover campingbilen sitt std. Utstyr, og leigetakar må sjølv ordne slik
forsikring om det er ynskjeleg. Reiseforsikring er ikkje teikna.
9. Om uhellet er ute: Når det er oppstått skade, skal leigetaker opptre slik det vert kravd etter
vegtrafikklova. Det må alltid utfyllast ein fullstendig skademelding, og Politi må varslast ved: personskade, brann eller
om partane ikkje blir einige om ansvarsforholdet. Det må takast bilde av trafikkuhellet dersom det er mogeleg. Utleigar
må kontaktast omgåande om campingbilen blir innblanda i trafikkuhell.
10. Tilsyn: Utleigar har rett til å sjå etter campingbilen med utstyr i leigeperioden, dersom det er grunn til
å tru at utstyret ikkje blir brukt i samsvar med leigevilkåra. Eller det er fare for at utstyret kan bli skada eller
påføre andre skade.
11. Reingjering: Campingbilen blir utlevert i reingjort tilstand. Leigetakar er ansvarleg for at utstyret er
tilsvarande godt reingjort ved innlevering, med mindre vil han bli belasta for reingjeringsdepositumet på kr. 500.-.
Septiktank (kassett-toalett) og spillvanntank skal vere tømt og reingjort, vanntank skal vere tømt, avfall og
medbrakte løsøre fjerna ved innlevering.
Leigetakar må dekke kostnadar med nødvendige reingjeringsmiddlar til reingjeringa.
12. Tilbakelevering: Det utleverte utstyret skal leverast tilbake til avtalt innleveringsstad innan den avtalte
tidsfrist i leigeavtalen. For sein innlevering medfører tilleggskostnader for leigetakar, sjå pkt. 1 i leigevilkår.
Er utstyret skadefritt og reingjering blir godkjendt, vil leigetakar få utbetalt dei innbetalte seinast 7 dagar etter
innlevering (overført bankkonto).
Evt. påfølgande kostnadar som leigetakar er ansvarleg for, blir fakturert og ettersendt ansvarleg leigetakar med
umiddelbart forfall. Campingbilen skal leverast tilbake med full drivstofftank.